lørdag 24. april 2010

Flott!


Jammen er det kjekt å kjenne seg lei av å lese alt i starten av eksamensoppkøyret :( Men det er vel berre å bite tenna sammen og fortsette. Er ikkje såååå lenge til ferie :) Berre 6 veke igjen med slit og strev og surmuling. Stakkars folk rundt meg, humørsvingningane er på sitt verste i sånne periodar. Men etter slit og strev, er det jo tid for sommar. Sol, varme, bading, is, lese bøke utan å tenke på at eg må lære meg da som står der, god mat, hytte, vennar, familie, fjelltur, fiske, hestar, og alt det andre som høyre somaren til....

Er glad eg ikkje har kjøpt blomsterkasse til å ha på verandaen endå. Stakkars blomstrane hadde jo vorte "sjuke" av det skiftande veiret. Er nok smart å vente til mai (e faktisk berre ei veke til..) og håpe at veiret skal bli beire til dess. Og snart er 17. mai her. Då kan eg endeleg henge flagget som står inners i skapet og som har blitt gløymt, ut. Det gledar seg mest truleg til å vaie i vinden. Plutsleg vart hovudet tømt for tankar, og det er vel på tide å vende tilbake til fagbøkene og gjere ein innsats.

torsdag 22. april 2010

sol, sludd, regn..

Hadde årets første grilling 14.april. Det var vår, og eg kunne kjenne at sommaren nærma seg. Men eg tok feil. Helga kom med sludd og snø og regn. Atter ein gong var det kaldt og guffent. Men det nærmar seg, det nærmar seg.. Eg fann plutsleg ut at eg skulle prøve meg som bloggar. Veit ikkje heilt korleis ideen kom til meg, men her sitte eg no, og prøvar å knote ned nokre ord. Vurderar eigentleg å gå å lage litt brownies, og ete litt is. Men etter sol, eller i vert fall opphald på veg til butikken, og snø og kaldt og guffent veir på tilbakevegen så mista eg litt lysta.

Men det skulle vise seg å vere gledens dag å stikke innom senteret, for der var det tilbud. Er det ein ting eg likar, så er det tilbud. Som ein fattig student, er tilbud noko av det kjekkast eg veit(ehm ja, til ei viss grad det kjekkaste eg veit).
Dagane skal jo stort sett gå med til lesing. Berre ein månad igjen til eksamen. Men det er rart kva ein kan presse inn i løpet av ein dag. Har prøvd å fikse sykkelen min i dag. Men kom vel fram til at da e ein gamal og tung og utgått sykkel. Vertfall til bykøyring. Med tid og stunder havnar den sikkert på hytta, også kan eg få meg ein ny her... Men da va dissa pengane. Då måtte det vertfall ha dukka opp eit KJEMPE tilbud. Eller ein person som ville donere ein lett, fin sykkel med demping til meg. MEn sånne personar tvilar eg på finst. Kvifor skulle nokon finne på å gje meg ein sykkel?

Men da va dinna browniesen. Erik har jo bursdag i morgon, då er det vel lov til å ta feiringa litt på forskudd og nyte da litt ein torsdagskveld? Beire å gå å bake kake, enn å setje seg til å lese og gjere oppgåver i økologi. Sjølv om da siste sikkert er mest fornuftig. Men ein kan jo ikkje alltid vere fornuftige. Eg har dessutan ikkje feira at eg har fått meg sommarjobb. Endar nok opp me ei kake ja...