
Jammen er det kjekt å kjenne seg lei av å lese alt i starten av eksamensoppkøyret :( Men det er vel berre å bite tenna sammen og fortsette. Er ikkje såååå lenge til ferie :) Berre 6 veke igjen med slit og strev og surmuling. Stakkars folk rundt meg, humørsvingningane er på sitt verste i sånne periodar. Men etter slit og strev, er det jo tid for sommar. Sol, varme, bading, is, lese bøke utan å tenke på at eg må lære meg da som står der, god mat, hytte, vennar, familie, fjelltur, fiske, hestar, og alt det andre som høyre somaren til....
Er glad eg ikkje har kjøpt blomsterkasse til å ha på verandaen endå. Stakkars blomstrane hadde jo vorte "sjuke" av det skiftande veiret. Er nok smart å vente til mai (e faktisk berre ei veke til..) og håpe at veiret skal bli beire til dess. Og snart er 17. mai her. Då kan eg endeleg henge flagget som står inners i skapet og som har blitt gløymt, ut. Det gledar seg mest truleg til å vaie i vinden. Plutsleg vart hovudet tømt for tankar, og det er vel på tide å vende tilbake til fagbøkene og gjere ein innsats.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar